Fjord Base nytt
18. desember 2024
I mai i fjor tok Arild Solberg dette oversiktsbilde av Fjord Base.
Nyleg kunne to av våre tilsette få sine fagbrev i logistikk etter å ha bestått fagprøva. Dyktige fagfolk er viktig for at vi skal levere kvalitet til kundane, og oppnådd fagbrev dokumenterer at vi har kunnskapen som skal til for å yte gode tenester. Vi legg også ned mykje tid og ressursar for å styrke tryggleikskulturen hos våre tilsette, og alle våre tilsette er no innom HMS Fyrtårn programmet. Industrifagskulen er også eit internt tilbod om kompetanseheving for våre tilsette, med eit breitt spekter av tema, blant anna forståing og handtering av ulike risikoar i arbeidssituasjonen.
«Kommunikasjon og samhandling er grunnleggande for gode HMS-resultat», seier vår HMSSK-leiar. Kommunikasjon og samhandling mellom lokale aktørar vart også demonstrert i praksis ved vellukka utskiping av subsea spool over den kommunale kai G på Botnastranda denne hausten. Takka vere god planlegging og samhandling mellom Westcon, Saga Fjordbase, K. Jansen og Florø Hamn kom den enorme røyrinstallasjonen effektivt og trygt om bord i installasjonsfartøyet.
- Dette er Florø på sitt aller beste, der vi finn løysingar saman, spelar kvarandre gode og sikrar arbeid og verdiskaping for alle partar. Dette ønskjer vi meir av!
Fjord Base har saman med nettselskapet Linja gått i bresjen for å få ny kraftforsyning til Florø. Tiltaket går stødig framover og kjem til nytte for både forsyningsbasen, byen og dei andre industriområda i Florø, ved å legge grunnlag for trygg straumforsyning og med kapasitet for etablering av nye næringar. Hydrogenproduksjon er døme på ei slik kraftkrevjande næring, og vi gratulerer HyFuel som på nytt fekk tilsegn om Enova-støtte, med den nye majoritetseigaren Hydrogen Solutions (HYDS) i førarsetet. Vi ønskjer også velkommen til Norkram og Linde Gass på Fjord Base og er glade for at dei har blitt ein del av næringsklynga denne hausten.
Gjennom fleire grøne initiativ over ei årrekke, viser Fjord Base at vi stadig er langt framme i den grøne omstillinga. Berekraft kjem stadig høgare på agenden. Både myndigheiter og kundar stiller høgare krav, og vi leverandørar må finne nye, gode løysingar som tek vare på miljø og menneske. Dette gjeld også arealplanprosessen vi har med Kinn kommune, der vi bidrar til innhenting kunnskap og faktagrunnlag for dei vurderingane og vedtaka som skal fattast. I haust leverte vi Norconsult si kartlegging av sjøbotnen utanfor basen, og trass snart 40 års basedrift med sine spor etter menneskeleg aktivitetar, viser kartlegginga eit rikt økologisk mangfald i Årebrotsfjorden og Botnafjorden. Det er all grunn til å tru at aktiviteten som vil skje på Fjord Base i framtida, vil føregå på ein slik måte at dette økologiske mangfaldet vil oppretthaldast.
Det er gledeleg at vår største kunde Equinor har ambisiøse måltal på boringar av brønnar og at Vår Energi modnar konsept for dei drivverdige funna rundt Gjøa, slik du kan lese om i Fjord Base Nytt. Vi skal legge godt til rette for at desse to operatørane skal få dei leveransane som trengst frå Fjord Base. Samstundes jobbar vi med å legge til rette for havvind, der vi gradvis har flytta fokus over på britisk sektor, då prosjekt der er på gang i ein målestokk som overgår den britiske hamnekapasiteten. Vi har trua på at Fjord Base kan verte ein leverandør til britisk sektor, noko som skal bidra til arbeidsplassar og verdiskaping for Florø-samfunnet.
- Konsernsjef Ole Schanke Eikum